Vedtekter for Stad Heilårsbadelag 15.02.2021

§1 Foreiningas namn
Foreiningas namn er Stad Heilårsbadelag

§2 Føremål
Foreininga har som føremål å leggje til rette for - og inspirere til friluftsbading året rundt

Formålet skal ein oppnå med føljande aktivitetar:

·        Etablere badestue og badeplassar/naturmøteplassar rundt om i heile kommunen

·        Spreie glede og kunnskap om bærekraft og «helse i havet»

·        Arrangere minimum eit årleg felles badearrangement for medlemmar og andre interesserte

·        Skape ei «badebølge» i kommunen vår og igjennom våre aktivitetar gjere kommunen meir attraktiv for bebuarar og besøkjande

§3 Organisasjonsform
Stad Heilårsbadelag er ein frittståande interesseorganisasjon utan binding til andre organisasjonar.
Stad heilårsbadelag er sjølveigande som inneber at ingen, verken medlemmar eller andre, har krav på foreiningas formue, eigendeler eller er ansvarlege for gjeld eller andre forpliktingar.

 §4 Medlemmar
Foreininga er open for alle over 18 år. Ein kan vere aktiv heilårsbadar eller støttemedlem.

§5 Rettigheiter og plikter knytt til medlemskapet
Alle medlemmane har rett til å delta på årsmøtet, har stemmerett og er valbare til tillitsverv i foreininga. Medlemmane som skulder kontingent i meir enn eit år, har ikkje stemmerett eller andre rettigheiter og styret kan stryke dei som medlem av foreininga. Medlemmane plikta å forholda seg til vedtak som er fatta av årsmøtet.
Medlemmar som melder seg til styret som badstuevert eller til andre oppdrag/arbeid vi har behov for, vil få nytte seg av dei badstuene foreininga driftar, utan å betale meir ein medlemskontingenten som er på kr 200 pr. pers. Medlemmar er pliktige til å sette seg inn i mulige fare med heilårsbading / friluftsbading.
Alle medlemmar badar og brukar badstuer på eige ansvar.

§Årsmøte
Årsmøte som haldast kvart år, er foreiningas høgaste myndigheit. Årsmøtet er vedtaksført med det tal røystefør medlemmar som møter, og alle meldemane har ei stemme. Møteleiar veljast av årsmøtet. Vedtak er gyldig med alminneleg fleirtal. Stemmelikheit avgjerdas ved loddtrekking. Årsmøtet blir kalla inn av styret med minimum ein månad varsel. Forslag som skal behandlast på årsmøtet skal vere sendt til styret seinast to veke før årsmøtet. Fullstendig sakliste må vere tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før årsmøtet. Årsmøtet kan ikkje behandle forslag som ikkje er oppført på saklista, med mindre ¾ av dei frammøtte krev det.
Kvart årsmøte avsluttast med eit fellesbad arrangert av styret.

§ Årsmøte sine oppgåver
Årsmøtet skal

•behandle årsmelding
•behandle revidert regnskap
•behandle innkomne forslag
•fastsette kontingent

•vedta budsjett

•velje leiar og nestleiar, kasserar, styremedlem med varamedlem

 

§8 Ekstraordinære årsmøter

Ekstraordinære årsmøter blir haldt når styret bestem det, eller minst 1/3 av medlemmane krev det.

Innkalling skjer på same måte som for ordinære årsmøter, med minst 14 dagar varsel.

Ekstraordinært årsmøte kan berre behandle og ta avgjersle  i dei sakene som er kunngjort i innkallinga.

 

§9 Styret

Foreininga har eit styre på 5 medlemmar.

Styret er høgaste myndigheit mellom årsmøta.
Styret skal halde møte når styreleiar eller eit fleirtal av styremedlemmane forlangar det.

Styret skal

·        I verk setje årsmøte vedtaka

·        oppnemne eventuelle komitear, utval eller personer som skal gjere spesielle oppgåver, og utarbeide instruksar for desse

·        administrere og føre nødvendig kontroll med foreiningas økonomi i henhald til gjeldande instruksar og bestemmelsar

·        representere foreininga utad

·        arrangere og invitere til minimum eit fellesbad-arrangement.
Dette arrangementet skal haldast etter kvart årsmøte, men er ope for alle.
Styret kan, om dei vil, arrangere fleire fellesbad/bademarkeringar som er opne for alle.
På alle fellesbad i styret sin regi skal ein ha tryggleik i fokus med å ha kompetente badevakter tilstade og nødvendig førstehjelps utstyr tilgjengeleg.

Styret kan fatte vedtak når eit fleirtal av styrets medlemmar er til stades. Vedtak fattast med fleirtal av dei avgitte stemmene.

§10 Signaturrett

Styreleiar og nestleiar har signatur rett kvar for seg.

 

§11 Vedtektsendring

Endringar av desse vedtektene kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vært på sakslista, og det krev 2/3 fleirtall av dei avgitte stemmene.

§12 Oppløysing

Oppløysing av foreininga kan berre behandlast på årsmøte, og krev 2/3 fleirtal.
Foreiningas formue skal etter oppløysning og gjeldsavleggelse tilfalle det formål foreininga arbeida for å fremje, ved at nettoformua blir gitt til en ideell organisasjon som årsmøte bestem. Ingen medlemmer har krav på foreiningas midlar eller andel av desse.