Om oss

Stad heilårsbadelag er ein interesseorganisasjon som vart stifta 15.februar 2021.

Vi er eit styre på fem personar.
Og med eit stadig veksande tal medlemmar.
Både aktive heilårsbadar og støttemedlemmar.

Medlemmane badar når og kor dei vil og alle har ansvar for eiga sikkerheit.
Ofte badar vi ilag også. :)

Styret: Maria Helgesen (leiar), Gry Hansen (nestleiar),Siri Sandvik, Karina Siegmund og Linn Ada Jacobsen

§2 Føremål
Foreininga har som føremål å leggje til rette for - og inspirere til friluftsbading året rundt

Formålet skal ein oppnå med føljande aktivitetar:

·  Etablere badestue og badeplassar/naturmøteplassar rundt om i Stad kommune

· Spreie glede og kunnskap om bærekraft og «helse i havet»

· Arrangere felles badearrangement for medlemmar og andre interesserte

·  Skape ei «badebølge» i kommunen vår og igjennom våre aktivitetar gjere kommunen meir attraktiv for bebuarar og besøkjande

Styremøter innehelder alltid eit friskt bad :)

Vi arrangera fleire fellesbad arrangement i året.
Som både medlemmar og alle andre kan vere med på.

Typiske dagar vi likar å invitere til å bade ilag med oss er
17.mai, verdas psykisk helse dag, jul og nyttår med meir. :)

Følg med på vår facebookside og hiv deg med:)